Badeteknisk Forum | Nr. 2, 2020
BADETEKNISK FORUM 2/2020 4 Sola kommune satsar stort Sola kommune er rimeleg godt skodd når det gjeld tilgang på basseng for inn- byggarane sine. Men dei vil gjerne ha meir. Kanskje til og med ein 50-meter i kompaniskap med nabo- ane i Stavanger. Vertskapet for flyplassen i Stavanger- området, har også eit rikt næringsliv lokalisert innanfor kommunegrensene. Generelt gode skatteinntekter gjer då også at dei kan satse friskare enn mange andre. 25 eller 50m – Vi har eit svømmeanlegg frå 1969, som ligg i Sola sentrum. Det ønskjer politikarane å erstatte med eit nytt. Dei har alt løyvd 200 millionar kroner, og Vidar Alfarnes (tekst og foto) vi arbeidar med å finne gode løysingar. Det har også kome innspel om at vi skal få vurdert kor mykje over 200 mil- lionar det vil koste å få bygd eit 50-me- tersbasseng. I så fall vil det vere snakk om å utvide til eit regionalt anlegg, der vi ønskjer Stavanger med på laget, røpar Torbjørn Hovland, kommunen sin seksjonsleiar for idrett og bad. Flott i Flesberg Saman med kollegaene Oddvar B. Høy- land, Ivan Hadjar og Jone Salte har han teke turen austover for å vere med på SvømmehallKompetanse 2020. Nett no er dei samla attmed utstillarane i foa- jeen på Moxy Hotel. Konferansen er godt i gang, og inntrykka frå månda- gens basseng-busstur har fått sige inn. – Det var ein veldig interessant, lang og intensiv studietur. Vi fekk sjå heile spekteret frå gamle til flunkande nye anlegg. Flesberg var jo særs interessant. Måten dei hadde integrert svømmean- legget med dei andre funksjonane var absolutt noko å ta med seg. Hev-senk- botnen i bassenget var flott, og garde- robe-løysingane spennande. For ikkje å snakke om at alt var gjort i massivtre. Veldig tiltalande, skryt Jone Salte, pro- sjektleiar for utvikling og eigedom i Sola kommune. Gode prosessar Kommunen har også eit konkurranse/ treningsanlegg på Dysjaland, og ein tredje svømmehall i Tananger. – Det er nok få elevar som får så mykje svømmeopplæring som ungane i kom- munen vår, men det ønskjer vi også å halde fram med. Om det nye bassenget vert 25 eller 50 meter, så skal vi sørge for ein solid prosess fram mot byg- gestart. Det er noko heilt anna å bygge basseng i dag, enn det var på 60- og 70-talet. Den gongen var det eit kar, nokre veggar og eit tak. I dag er det så mykje meir, og det vert viktig for oss å få definert kva dette meir skal vere, for- tel kvartetten frå Sola. Og legg til: – Den prosessen involverer i høgste grad brukarane, og ikkje minst dei som til slutt skal ta avgjerdene. Politikarane burde eigentleg vore med oss austover desse dagane, slik at vi kunne ha utvi- kla litt felles tankegods kring korleis eit basseng anno 2020-talet bør sjå ut. Vi får ta det att med ein felles ekskursjon til eit knippe spennande svømmehallar. Sola kommune skal bygge ny svømmehall, og denne kvartetten var austover for å sjå korleis andre har gjort det. Før og no. I tillegg til å få oppdateringar, impulsar og siste nytt om kunsten å bygge svømmeanlegg. F.v. Oddvar B. Høyland, Torbjørn Hovland, Jone Salte og Ivan Hadjar.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NzUzMDY=