Badeteknisk Forum | Nr. 2, 2020

BADETEKNISK FORUM 2/2020 24 Vidar Alfarnes (tekst og foto) Båtflyktning frå Damaskus vart badevakt Diaa Sami frå Syria har vore i Noreg i fire år. No ar- beidar han som badevakt i 56 prosent stilling, og er veldig glad i både Bergen og arbeidsplassen AdO arena. Men han kunne også vorte eit nummer i ein svært så dyster statis- tikk. Ein statistikk over alle dei som hamnar i ei botn- laus, våt grav, på reis frå krig og fortviling. Det er fire år sidan han flykta frå Damas- kus for eit betre liv nord i Europa. Første etappe gjekk til Tyrkia. Derifrå venta ei farefull sjøreis til Hellas. 40 personar stua saman i ein seks meter lang, open båt. Lett val L ike før dei nådde Hellas, ramla folk over bord og båten kantra. – Til liks med veldig mange av dei andre, kunne heller ikkje eg symja. Heldigvis hadde eg fått ein skikkeleg redningsvest, og ikkje ein som var fylt med avispapir. Men opplevinga av at folk kring deg drukna, utan at eg kunne gjere noko for å redde dei, sit framleis i meg. Og har heile vegen vore meir enn god nok driv- kraft til både å lære meg å symje, og utdanne meg til badevakt og livreddar, fortel Diaa. På flytande Bergensdialekt. – Det er ikkje så vanskeleg så lenge motivasjonen er god nok. Dei siste fire åra har eg meir enn éin gong erfart at det er tankane som styrer alt. Du kan gå livet i møte med pågangsmot og ein stor dose humør. Eller du kan setje deg ned, vente og døy sakte. For meg har ikkje valet vore særskilt vanskeleg. Har vore heldig Framme i Hellas venta framleis ei lang, lang reise vidare. Gjennom åtte land - for det aller meste til fots - tok han seg nordover. Mot Noreg og Bergen, der bror hans, Alla, budde. – Det tok si tid, men eg var heldig også. Andre som kom til Hellas omtrent sam- stundes med meg, er framleis internerte i store flyktningeleirar. Medan eg er her på jobb, etter nok ein fin skuledag på Amalie Skram. Den vidaregåande skulen som ligg i same huskroppen som svøm- meanlegget. Eg har med andre ord kort veg til jobb, smiler Diaa. Vel framme i Noreg hamna han første halvåret på eit transitmottak i hovudsta- den. Det tok ikkje lang tid før han opp- søkte Tøyenbadet. Innfridde krava – Eg ville lære meg å symje. Det gjekk etter kvart fint. Så snakka eg med nokre badevakter som eg hadde vorte kjent med, og lurte på kva krav som måtte innfriast for at også eg kunne titulera meg badevakt. Eg fekk svar, og då var det berre å øve vidare, fortel 20-åringen. November 2018 skreiv han kontrakt med AdO. Januar 2019 hadde han si første badevakt. – Eg har no 56 prosent stilling, men ar- beider ein del meir. Stiller opp når dei har bruk for meg. Veit korleis det er når det manglar ein på laget. Då blir det ekstra arbeid på dei andre. Instruktør også I skrivande stund nærmar det seg veldig vinterferie i Bergen. Det gler Diaa seg svært til. Då skal han vere symjeinstruktør for folk frå Syria, og andre flyktningar som nyleg har kome til landet vårt. – Bergen kommune køyrer eit slikt in- troduksjonskurs kvar vinterferieveke, og det er veldig bra. Eg skulle berre ønskt at det at alltid var eit slikt tilbod til alle dei som ikkje kan symje. Det er altfor lite med ein gong i året. Eg skulle meir enn gjerne undervist gratis, seier ein som har engasjert seg ein del i saka, og håpar at opplæringstilbodet kan bli betre i framtida. Kurs heile året – Som badevakt legg ein ekstra godt merke til dei som sit på kanten der bas- senget er grunnast. Ofte vaksne folk frå andre land som ikkje kan symje. Det betyr også at dei heller ikkje kan hjelpe seg sjølv eller andre i vatnet. Det er trist for dei, og ikkje minst trist for ungane deira, meiner Diaa. Han har alt sendt ein e-post til kommunen, der han tilbyr hjelp med symjeopplæring for alle desse. Han tenkjer også å skrive til symjeforbundet for å sjå om dei kan skape litt blest kring kampen for endå meir symjeopplæring til våre nye lands- menn, både ungar, kvinner og menn. Skada kneet For Diaa var det fantastisk då han ende- leg møtte att bror sin i Bergen. Sjølv starta han raskt på idrettslina på U Pihl vgs i Åsane. Året etter venta folkehøg- skule i Nordhordland. – Eg blei tidleg glad i å stå på slalåmski. På ein skuletur til Myrkdalen gjekk det ikkje heilt etter planen. Eg skada korsbandet kraftig, og har sidan hatt vanskar med kneet. No skal eg snart få det operert, og då blir det bra att. Største problemet var at ein dårleg fot ikkje var heilt optimalt på ei friluftsline. Difor måtte eg skifte over til 2. året her på Amalie Skram, forklarer han. Attende i Hellas Diaa har også vore nokre turar attende til flyktningleirane i Hellas. For Røde Kors. Det har vore sterkt, men også godt på same tid. – Å kunne gje noko attende er alltid bra. Eg har vore tolk, og forhåpentleg også til trøyst og litt håp for dei mange for- tvila folka som opplever at liva deira er på vent. Heime i Damaskus bur framleis mamma, pappa og tre søstrer på 9, 21 og 29 år. Eldstesøstera Valla har også ei jente som heiter Noran. For Diaa er det sjølvsagt vondt å ha folka sine buande midt i kri- gen. Samstundes veit han at dei ikkje hadde hatt det betre om han var der. – Dei er glade for at eg kom meg fram til bror min og til Bergen. Eg sender litt pengar til dei, og held kontakten så godt det let seg gjere, seier badevakta og medmenneske Diaa Sami. Diaa Sami (20) likar seg svært godt som badevakt i Ado arena, eller badevert som dei kallar seg der. Så har han også hatt ein motivasjon som ingen andre. – Det er fint at kommunen har eit introduksjonskurs i symjing kvar vinterferieveke. Eg skulle berre ønskt at det alltid var eit slikt tilbod til alle dei utlendingane som ikkje kan symje. Ungar, kvinner og menn, seier ein sterkt engasjert Diaa Sami. Sjølv er han instruktør på slike kurs.

RkJQdWJsaXNoZXIy NzUzMDY=