Badeteknisk Forum | Nr. 2, 2020

BADETEKNISK FORUM 2/2020 22 ▼ solide parkeringsplassen. Der står to stolte karar og helsar velkomen til eit eventyr i massivtre. Ordførar Oddvar Garaas (Sp) og råd- mann Jon Gjæver Pedersen fortel om planarbeid, stort lokalt engasjement og ein veldig god finansieringspakke. Når det kjem til svømmehallen, satsa dei på 25x21-konseptet, utvikla i Neder- land. I utgangspunktet hadde denne delen av totalpakka ein prislapp på mellom 60 og 70 millionar kroner. Men med spelemidlar på heile 35 millionar. 13 millionar i ekstra Enova-støtte på grunn av framtidsretta energiløysingar - samt full momskompensasjon - hamna ein til slutt under 20 millionar kroner for svømmehallen. Komplett og kompakt – Totalt snakkar vi om eit nybygg på 9300 kvadratmeter. Til ein prislapp på 269 millionar. I svømmehallen har vi eit 25-metersbasseng med hev-senk-botn, og to temperatursoner. I den grad det har vore utfordringar, handlar dei om at hallen vart hekta på veldig seint i den totale byggeplanen. Det var rett og slett ein opsjon som vart løyst inn, i oktober 2017. Hovudentreprenø- ren Backe Stor-Oslo har gjort ein solid innsats, og sluttresultatet er suverent, smiler rådmann Pedersen. Og held fram: – No har vi fått eit kom- plett og kompakt idretts- anlegg i området. Frå før hadde vi både kunstgras- bane, skiskyttaranlegg, turløyper og innandørs skytebane. Med Skattekista på plass har vi også fått ein sentral som gjer det veldig mykje enklare å ta på oss store arrangement. Nyleg var det skirenn med nærare fem hundre på startstreken. Då var det heilt fullt med folk både i biblioteket og på sosial- rommet. Og med ei kan- tine/kjøkken-avdeling i Lars Gomnes er også fersk i Ringeriksbadet. Men den nye sjefen brukte ikkje lang tid på å finne seg til rette.– Eg er svært nøgd med den nye kvardagen. Dette er ein spennande institusjon i min eigen heimkommune, med ein fin miks av mogleghei- ter og positive utfordringar. Eirik Solbakken starta som teknisk ansvarleg i Rin- geriksbadet, etter å ha vore 30 år hos Veidekke. Som altmoglegmann. – Det er eg no også. Ein jobb som eg stortrivest med. Ringeriksbadet er ti år til vinteren. Eit spennande anlegg på den nedlagde mi- litærleiren Helgelandsmoen. Og eit populært anlegg som veldig gjerne skulle hatt litt meir plass til alle gjestene sine. den delen av bygget som vender ut mot banar og løypenett, hadde vi også god kontroll på mat og drikke. Siste i Oslo Det går mot vår, men vi er likevel ikkje framme på Holmlia før det har vorte mørkt utanfor bussvindauga. Vi er de- finitivt attende i storbyen, og det er pro- blematisk nok å oppdrive plass til å få parkert ein stor buss. Det blir ein liten kveldstur på passasjerane, før dei finn inngangspartiet til Holmlia bad. Som går rett inn i ein stor fjellhall. Hundre meter inn og til venstre ligg svømme- anlegget, omkransa av friidrettsbanar og ein idrettshall. Eit anlegg som stod fer- dig i 1983, i ei tid der det også var na- turleg å tenkje på tilfluktsrom. Dette er i skrivande stund det siste folkebadet som er opna i hovudstaden. Heldigvis kjem det snart nytt både på Tøyen, Stovner og Manglerud. I tråd med budsjettet Oliver Kofler er som alltid på plass, når det er snakk om rehabiliteringar av kommunale svømmeanlegg i Oslo. Denne kvelden er han ekstra glad for å kunne fortelje at budsjettet på 44 milli- onar kroner vart følgd til punkt og prikke. – Totalt tok arbeidet sju månader, men svømmeanlegget var berre stengd ned i to. Den største utfordringa var å finne ein rømingsveg som kunne nyttast i an- leggsperioden, røpar Kofler. Badet har fått eit nytt stålbasseng. I til- legg er det funne plass til ein liten «plaskedam» for dei aller minste. Nye og moderne LED-lys skapar veldig fin stemning inne i fjellhallen. Dei tilhøy- rande garderobeanlegga har også fått seg eit kraftig løft. Det er Håndtverks- kompaniet som har vore totalentrepre- nør, og arbeidet var ferdig tidleg i januar 2020.

RkJQdWJsaXNoZXIy NzUzMDY=