Badeteknisk Forum | Nr. 2, 2020

BADETEKNISK FORUM 2/2020 21 ▼ av 2018. Rekninga vart betalt, og kom- munane tok ein runde med advokat. Det har vore ein prosess fram og til- bake, og vi fekk til slutt aksept for å sleppe 21 prosent av momsrekninga. Pengar som vart betalt attende heilt på slutten av 2019, røpar Lars Gomnes. For alle, alltid Frå Helgelandsmoen næringspark gjekk bussen vidare til Modum kommune, og Furumo svømmehall. Der venta dagleg leiar Hege Bendiksby både med lunsj og ein solid gjennomgang av det som må vere verdt å vite om det snart 30 år gamle anlegget. Fortalt med innleving og kjærleik. – Det er fleire ting som er litt ekstraor- dinært med svømmeanlegget vårt. Det stod klart i oktober 1991. Prislappen var kring 24 millionar kroner. Pengar som kommunen hadde på bok. Her var det ikkje snakk om å låne éi krone. I tillegg var dåverande kultursjef veldig tydeleg på at svømmehallen skulle vere open for alle, alltid. Dette var nytt tankegods, og det skjedde jo heller ikkje utan mot- stand og litt bråk. Særskilt frå dei eldre brukarane. Men dei kom ingen veg, forklarar Bendiksby, nokre tiår seinare. Merkar dei nye Etter å ha hatt kring 120.000 gjester på det aller meste i åra etter opninga, mista dei mellom ti og femten tusen då Dram- mensbadet kom. Resultatet vart omtrent identisk då Ringeriksbadet opna. – Sidan det har vi årleg hatt mellom sytti og åtti tusen gjester. Det er svin- gingar som merkast godt på resultatet. For i dette sjiktet snakkar vi mest ute- lukkande om fullt betalande gjester, røper sjefen. Men om ho er ganske så nøgd med tilstanden til det godt vaksne svømme- anlegget, må også Bendiksby medgje at det har vore litt småplunder her og der. Ikkje minst når det kjem til fliser. – I starten var det mange teoriar på kvifor det gjekk gale. Til slutt fann ein ut at det var for få ekspansjonsfuger, og at ein god del av desse fugene i tillegg hadde hardt materiale under seg. Det har også vore ein del problem på veg- gen mot nord, der det under montering vart laga hol i nokre fuktsperrer. Vidare fekk ein avkast av varm, våt luft for nær bygget. Luft som til slutt berre segla rett inn i taket. Det vart heldigvis bygd om raskt. Nett no ligg halvparten av dekorflisene i kjellaren. – Dei berre lausna på veggen. Det viste seg at dei var fullstendig glatte på bak- sida. Alt feste var vekke. Men berre tre av flisene er øydelagde, så dei kjem nok oppatt snart, lovar Bendiksby. Ein møtestad Fram til 2013 hadde heller ikkje anleg- get heilt optimale forhold for dei eller det som var på teknisk rom. – Lufta frå svømmehallen vart trekt ned i kjellaren, og rommet vart rett og slett nytta som ventilasjonskanal. Heldigvis kom det frå 2013 inn i eit lukka system. Og sidan har det mest ikkje kome meir korrosjon heller. Mette og gode er gjengen snart på veg til bussen, og ein lang transportetappe opp Numedalen. Med seg som siste info frå Furumo, fekk dei ei lovprising av det rause arealet som er mellom bassenga. – Rett og slett god plass, også når du ikkje badar. Det er suksesskriterium nummer éin for at Furumo det har vorte slik ein sosial møteplass, meiner Hege Bendiksby. Dugnadsfolket Det er alltid stas å flytte inn i nytt. Om det er hus, hytte, skule eller badean- legg. Den siste tida har det vore ekstra mykje stas i Stevningsmogen fritidspark i Lampeland. Flesberg er ikkje nett av dei største kommunane i landet når det kjem til innbyggarar, knappe tre tusen i talet. Men kommunen har godt om areal for dei som ønskjer seg ei hytte- tomt. I dag er det kring 3500 hytter inn- anfor kommunegrensene. Mange av dei på Blefjell. Dei fleste vaksne som bur i kommunen, reiser til Kongsberg for arbeid. Flesberg har stort sett alltid hatt ein svak øko- nomi, og var så seint som i 2011 på ROBEK-lista. Men det dei manglar av pengar, tek dei i rikt monn att om det vert snakk om gjere litt arbeid på dug- nad. Gang- og sykkelstien mellom Svene og Lampeland bygde innbygga- rane sjølve, til halv pris av det Vegve- senet ville ha. Og då Stevningsmogen skulle gjerast klar for nye sportslege utskeiingar, møtte fem hundre til dug- nad. Mange av dei med store anleggs- maskiner på slep. Slikt vert det resultat av. Tredjedel av prisen 4. september 2019 var det storslagen opningsfest for Skattekista. Eit anlegg som rommar ny skule, ny idrettshall, nytt bibliotek og ny svømmehall. Eit godt halvår seinare svingar bussen med studietur-deltakarar inn på den Oliver Kofler er ekstra glad for å kunne fortelje at budsjettet på 44 millionar kro- ner vart følgd til punkt og prikke, då Holmlia bad nyleg fekk seg eit skikkeleg løft. Vi vågar påstanden om at ingen andre stader i landet har ein fått så mykje badeanlegg for så lite pengar, som i Flesberg kommune. Her eit bilete av flunkande nytt utstyr i kjellaretasjen.

RkJQdWJsaXNoZXIy NzUzMDY=