Badeteknisk Forum | Nr. 2, 2020

BADETEKNISK FORUM 2/2020 20 Fersk leiar-duo Vel innanfor dørene, er det Lars Gom- nes og Eirik Solbakken som utgjer vel- komstkomiteen. Førstnemnde er dagleg leiar, men han har berre hatt jobben i eit halvt år. Den teknisk ansvarlege kom på plass litt før, etter å ha vore 30 år hos Veidekke. Som altmoglegmann. – Det er eg no også. Her tek eg meg av maling, fliser, snikring i badstover og kontor. I tillegg til kontrollen med vat- net og alt det tekniske utstyret som na- turleg følgjer med i eit anlegg som dette. Travelt og lærerikt, men også veldig kjekt, smiler Solbakken. Gomnes kom til Ringeriksbadet, etter å ha drive ein serveringsstad i mange år. – Eg er svært nøgd med den nye kvar- dagen. Dette er ein spennande institu- sjon i min eigen heimkommune, med ein fin miks av moglegheiter og positive utfordringar. Men sjølv etter veldig kort fartstid, kjenner eg meg trygg på at vi har altfor lite plass. Her kunne det med fordel vore bygd ut. No er diverre ikkje økonomien i eigarkommunane Hole og Ringerike den aller beste. Men eg har på sikt planar om å lage ein god rap- port til eigarane om kva vi kan levere, kva vi manglar og kva vi burde hatt, forklarar ein offensiv sjef. Stor momsrekning Gjengen på studietur fekk også høyre om det litt spesielle eigarskapet, der Helgelandsmoen Næringspark er sen- trale. Det var også dei som i si tid tok initiativ til å få bygd badet. Og av same grunn ligg det difor eit stykke utanfor Hønefoss sentrum. Men sjølve drifta av anlegget skjer i eit interkommunalt selskap. – Heller ikkje her har vi kome unna momsproblem, sjølv om Ringeriksbadet heile vegen har hatt ein kontinuerleg og god dialog med Skattedirektoratet. Like fullt dumpa det ned ein momsrek- ning på 14 millionar kroner mot slutten Svømmehallen var berre ein opsjon i dei opphavelege planane for Skattekista i Lampeland. Ein særs vellukka opsjon ser det ut til. Hev og senk-botnen i nye Flesberg svømmehall vert styrt raskt og presist av Merethe Halland. Mange av deltakarane på studieturen tok seg ein liten spasertur på botnen som var heist opp. Her er det Tormod Bjørkli frå Sandnes kommune som «går på vatnet». ▼

RkJQdWJsaXNoZXIy NzUzMDY=