Badeteknisk Forum | Nr. 2, 2020
BADETEKNISK FORUM 2/2020 18 Bassengbuss i grevens tid Det var framleis i offisiell før-korona-tid, men ikkje meir enn akkurat. I løpet av helga hadde mykje kome til overflata også her til lands, og eit par av dei påmelde studietur- deltakarane hadde valt å bli heime. Logistikken må vere optimal, og setene på bussen særs gode. Det må også vere stor spennvidde på dei utpeikte desti- nasjonane. Og ikkje minst må senga på hotellet som ventar langt der framme, vere av beste kvalitet. Heldigvis vart den svært lange månda- gen omtrent slik. Mange av deltakarane på SvømmehallKompetanse sin studie- tur hadde stått opp midt på natta for å ta første fly til Gardermoen. Andre som budde austpå var nokre hektiske timar på jobb, før dei møtte buss-gjengen. Til ein tur med fem stopp i rutetabellen: Ringeriksbadet, Furumo svømmehall, Flesberg svømmehall, Holmlia bad og Moxy Hotel. Vidar Alfarnes (tekst og foto) Nedlagd militærleir Anne Dyve frå NITO og Per Rune Eknes frå Badeteknisk Forum fekk samla troppane raskt, og kom seg ut frå busslomma på hovudflystasjonen ti mi- nutt før tidtabellen. Det var første og siste gong den dagen. Sidan handla mykje om å ta att det tapte. På veg forbi Hønefoss nærma vi oss dagens første stopp. Ringeriksbadet er ti år til vinteren. Nokre seter bak meg på bussen sit arkitekt Stig Eide. Han tok med seg tankar og erfaringar frå Os- badet austover, og kreerte eit spenn- ande anlegg på den nedlagde militær- leiren Helgelandsmoen. – Badet opna 10.10.2010, klokka ti over ti. Så langt eg kjenner historikken, trur eg det har vore eit vellukka prosjekt. NCC vann totalentreprise-konkurran- sen, og selskapet vårt var også med vidare i prosessen, fortel Eide. Dagleg leiar Hege Bendiksby stilte både med lunsj og ein solid gjennomgang av det som må vere verdt å vite om snart 30 år gamle Furumo svømmehall. Halvparten av dekorflisene frå Furumo svømmehall ligg no i kjellaren. Dei berre lausna på veggen. Alle utanom tre like heile og fine. Sjølvsagt til stor interesse for Arne Nesje, sjølvaste Mr. Flis himself. ▼
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NzUzMDY=