Badeteknisk Forum | Nr. 2, 2020
BADETEKNISK FORUM 2/2020 12 Store planar på Askøy Eirik Juvik og Tor- mod Hopland frå Askøy følgde ekstra godt med på studie- turen i forkant, og på sjølve konferan- sen på Svømmehall- Kompetanse 2020, dagane etter . Dei ventar nemleg på eit endeleg ved- tak i Vestland fylkeskommune, som etter planen skal gjerast 9. juni. Men det var før Korona-pandemien la eit slør av utsetjingar og stillstand over landet vårt. Men når samfunnet opnar opp, kjem øykommunen utanfor Bergen høgst tru- leg til å få både ein ny idrettshall, og ikkje minst eit flunkande nytt svømme- anlegg. Begge deler i samband med at Askøy vidaregåande skule skal byggjast ut til å kunne ta imot tusen elevar. På høg tid Juvik er driftsansvarleg for Askøyhallen. Eit byggverk frå tidleg på 70-talet, som rommar både idrettshall og svømme- basseng. – Du kan trygt skrive at det er eit bygg som har gjort si teneste, og vel så det. Særskilt bassengbiten av anlegget er overmodent for sanering og utskifting. Vi har rett og slett alt det du ser på skrekkbilete på konferansar som dette, forsikrar han. Puslespel Hopland er prosjektleiar på idrettsavde- linga til Askøy kommune, og går garan- tert ei travel tid i møte. Det er nemleg litt av eit puslespel som skal gå opp. Meininga er å rive halvparten av det som i dag utgjer Askøy vgs (ein yrkes- fagavdeling på fem tusen kvadratme- ter). Samstundes skal det byggast ti Vidar Alfarnes (tekst og foto) tusen nye rutemeter. På denne yrkes- skule-tomta skal den nye Askøyhallen plasserast. Med handballbane, klatre- vegg og styrketreningsrom. Samt eit basseng på 25 x 15,5 meter. Det er også lagt inn eit 12 x 8,5 meter opplærings- basseng, med hev-senk-botn. Samspelskontraktar – Det siste er det førebels ikkje økono- misk dekning for, men ein håpar sjølv- sagt å kome i mål med begge bassenga, seier Hopland. Han fortel vidare at den eksisterande Askøyhallen skal haldast open heilt til den nye er klar til bruk. Då først skal den gamle rivast. Truleg i 2024. – Det blir eit spennande samspel mel- lom fylkeskommunen og Askøy kom- mune, med ei rekkje dialogmøter gjennom heile 2020. Vi håpar på kon- traktskriving rett på nyåret 2021, og at bygginga vil skje frå 2022 til 2024. Godt utbyte Både Juvik og Hopland har hatt stort utbyte av dagane austpå. – Vi har lært mykje om kva krav ein bør stille i planleggingsfasen. At ein får dei rette installasjonane på plass. Vidare har det vore mange spennande drøftingar om vasskvalitet og rutinar knytt til same tema, skryt deltakarane frå Askøy. Som til liks med dei fleste andre i heimkom- munen, gler seg stort til den nye svøm- mehallen reiser seg. – Folk flest lengtar etter eit nytt og inn- bydande anlegg. I tillegg har vi tre aktive klubbar. Eg kjenner meg trygg på at både Vestkantsvømmerne, Øyane svømmeklubb og Askøy vannpoloklubb gler seg stort til at den gamle Askøyhal- len vert avløyst av ein ny, smiler Eirik Juvik. Askøy kommune I samband med ei stor utviding av den vidaregåande skulen, skal man nå bygge ny idretts- og svømmehall. – Alle heime gler seg til den gamle Askøyhallen er historie, og ein ny står klar. Truleg i 2024, seier Eirik Juvik og Tormod Hopland. – Kan korona smitte i vannet? Da regjeringen innførte de strengeste tiltakene i Norge i fredstid 12. mars, ble alle svømmehaller, badeland og lignende steder stengt. Dette sier FHI om bading; – Når det gjelder bassengbad, vil klor- innholdet i vannet inaktiviere både koronavirus og andre virus. Likevel kan det på denne typen steder være enda vanskeligere å holde avstand, og mange svømmehaller vil fremdeles være stengt. FHI har foreløpig ikke planlagt å utarbeide egne råd for ba- ding, utover de smittevernrådene som allerede gjelder, opplyser FHI.
Made with FlippingBook
RkJQdWJsaXNoZXIy NzUzMDY=