Badeteknisk Forum | Nr. 3, 2018

BADETEKNISK FORUM 3/2018 34 Det Arne Nesje ikkje veit om flislegging, er det truleg heller ingen andre i Noreg som kjenner til. På «Svøm- mehallKompetanse 2018» kom han med oppsikts- vekkande oppdagingar. – Det som fungerar i Tysk- land, Frankrike og England, treng slett ikkje fungere i norsk bassengvatn. – Kjenner du din LSI-indeks?, spurte han ut i ein full sal med interesserte konferansedeltakarar, og fekk berre nokre titals hender i lufta som svar. – Det er ikkje godt nok. Dei langt fleste her burde vite om LSI-indeksen. Det er den som fortel om vatnet er i likevekt. Ei måling med negativt forteikn fortel at vatnet er aggressivt, og kan raskare gjere skade på til dømes betong. Posi- tiv LSI kan føre til kalkbelegg på over- flater og utstyr. Å ha eit rett kalibrert vatn er heilt avgjerande for levetida til både fliser og støyp. Berre sine eigne Dei par siste åra har Nesje og kollegane hans i SINTEF gjennomført spennande undersøkingar av kvaliteten i limpro- dukta til 14 ulike produsentar/tilby- darar i den norske marknaden. Dette har dei fått gjort mot at resultata ikkje skal rangerast og brukast til «best i test». SINTEF kjenner sjølvsagt tala, men pro- dusentane har berre fått vite sine eigne resultat. Alle med ein fot eller to innanfor i svømmehallsbransjen har opplevd det sjølv, eller iallfall høyrt eller lese om graverande tilfelle der fliser lausnar frå basseng. Særskilt i botn av bassenga, og gjerne over eit større areal. Tek kontakt – Det er ikkje uvanleg at dette skjer alt tre til seks år etter at anlegget stod fiks ferdig. Då tek dei gjerne kontakt med oss og fortel at dei har eit problem. Det er ofte tilfeldig om dette treff rett før, eller rett etter at femårs-reklamasjonen går ut. Reklamasjon eller ikkje, så fø- rer det gjerne til at anlegg må stengast ned for å få ordna opp i elende, fortel Nesje. Og når ein tappar ut vatnet for- svinn også trykket, og då finn mange ut at her er det endå fleire lause fliser. Men no har iallfall materialbransjen teke tak for å få betre kunnskap om eigne produkt. Kva er det som gjer at fliser lausnar mykje raskare i dag, enn dei gjorde i basseng som vart bygde for 40 og 50 år sidan? Ulike vatn – I testinga vår har vi blanda ut limet i samsvar med leverandøren si oppskrift, og festa dette under fliser på betong. To av kvar, og putta dei i ulike basseng- vatn. Eit moderat og eitt aggressivt. Må- lingar som er gjort viser ein gjennom- snittleg reduksjon av lim-effekten på kring 30 prosent - med til dels store va- riasjonar mellom produkta, fortel Nesje. – Vi har gjort om lag 300 avtrekks- prøvar. Nokre limsortar var så sterke at vi sleit glasuren av flisene. Men når Mange veit for lite om bassengvatnet limet først vart eksponert for basseng- vatn, såg vi heilt klart at evna til å hal- da på flisene vart redusert. Viktig kunnskap Produsentane fekk alle som ein ei aldri så lita aha-oppleving. Det var nemleg ingen av dei som tidlegare hadde testa dette ut over tid, i norsk bassengvatn. No har dei iallfall tala sine, og mange må nok gjere seg nokre tankar om kva som vil skje etter fem, ti og femten år, når gjennomsnittet etter to år var kring 30 prosent reduksjon. Alle som jobbar med betong veit at han trekker seg saman i ein tidleg fase, og kan kome opp i ein såkalla kuv. Dette må prosjekterande og flisleggjarar ta høgde for. For 30-40 år sidan brukte ein normalbetong som stod og herda i seks til åtte månader. Så la ein fliser på og fylte opp med vatn. I dag brukar ein betong med armering, der det ikkje går fukt inn i porene. Etter tre til fem år vil desse bassenga ofte trekke seg saman mot ein nullpunkt, og då oppstår gjer- ne flisproblematikken. Fuger hjelper sjeldan mot desse problema. Då er det større sjanse om ein brukar betongba- sert membran, seier Nesje. Begge deler Men heilt til slutt handlar mykje om ja takk, begge deler. Og då snakkar vi om bassengvatnet. – Det må vera mogeleg å få levert vatn som er i pakt med bassengforskrifta, slik at dei badande har ei god opple- ving. Men sørg for at vatnet også er til beste for materialet i bassenget. Om sementbaserte fuger forsvinn, er det eit klart signal om at vatnet er i ubalan- se. Då kan gjerne eit marmorfilter vere løysinga, seier Nesje. V idar a lfarnes ( TeksT og foTo ) Seniorforskar Arne Nesje hos SINTEF meiner at alle som prosjekterer eller driftar eit bassenganlegg må kjenne til LSI-indeksen. – Det er den som fortel om vatnet er i likevekt, og det er heilt avgjerande om ein ønskjer at basseng-flisene skal bli liggande der dei høyrer heime. – Ønsker seg helårsbasseng – Gjennomsnittet av elev- ene ved Svarholt skole (1.-10. trinn) i Stamsund har svært høy måloppnå- else på dagens kompe- tansemål til svømme- opplæring. Skolen mener dette har sammenheng med at elevene lærer å svømme i et lite basseng med kjente elever i min- dre grupper med lærere som tilrette- legger svømmeundervisningen slik at alle kan føle seg trygge. Skolen påpe- ker videre at de ønsker seg basseng som kan brukes hele året og benyttes på ettermiddagene.

RkJQdWJsaXNoZXIy NzUzMDY=